Innkalling til årsmøte i Finnøy Fleirbrukshall

Tysdag 25 mai kl 1930

 

 

Sakliste

  1. Godkjenning av innkalling og sakliste
  2. Val av møteleiar
  3. Val av 2 til å signera møteprotokoll
  4. Godkjenning av årsmeldinga frå styret
  5. Godkjenning av rekneskap
  6. Godkjenning av budsjett for 2021-04-14
  7. Evt innkomne saker
  8. Val

 

 

 

 

 

Styrets samensetting 2020


Leiar Arild Flesjå


Nestleiar Lisa Breiland


Sekretær og 1. vara Gaute Halleland


Styremedlem og ansvar for utleige Mette Lise Bakka


Styremedlem Henrik Langbakk


Styremedlem Joanna Mowinska


Styremedlem Torfinn Idsøe


Styremedlem Arve Rørheim


2-.vara Jan Finn Sørensen


Ansvarleg for styrkerom: Torleif Trahaug ,Oddny Hidle


Valnemd: Annbjørg Austbø Ottar Sandanger Henrik Halleland


Styret hadde i året 7 styremøter og behandla i alt 46 saker. Årsmeldinga for 2020 kan aldri bli ein kopi av tidlegare årsmeldingar. Til det var året heilt spesielt når vi i mars måtte stenga ned hallen heilt, grunna koronapandemien. Det var ikkje ein kjekk avgjerdsla, men det var ingen vei utanom. Nasjonale og kommunale tiltak måtte sjølvsagt fylgjast. For oss som styre, som heile tida prøver å halda aktivitetar i hallen til beste for barn, ungdom og vaksne, var dette ingen lett ting å gjer. Aktivitet i hallen er til beste for oss alle og vi har prøvt etter beste evne å ha aktivitet i hallen når smittesituasjonen har tillete det. Det har vore krevjande fordi det er eit stort ansvar for oss som styre å heile tida fylgja retningslinjer som blir gitt. Har ein fått lov til å ha aktivitet med visse begrensingar er det viktig at alt blir gjort av tiltak i forkant av aktivitet slik at smittefaren held seg på eit minimum. Då må det vaskast og spritast på alle tenkelege berøringsflater. Til no har vi ikkje kjente smittetilfelle i hallen.


Som årsmeldinga ber preg av så var aktiviteten i 2020 for dei aller fleste brukerane halvert, noko som betyr mykje mindre inntekter. Dei fleste trur vel kanskje at også hallen har fått statlege koronapenger. Men det har vi ikkje. Selskapsformen til hallen er slik ar vi ikkje kan registrerast i Frivilligregisteret og dermed er vi utelukka frå å søkja. Forstå det den som kan. Likevel så har 2020 langtfrå vore heilt mørkt når det gjeld hjelpande økonomiske hender.


Styret i Coop Finnøy fortalte oss at dei hadde hatt styremøte i haust og vedtatt at at dei ville gi Finnøy Fleirbrukshall 1% av omsetninga i november og desember. Fantastisk kjekt å få slike beskjedar. Dette utgjorde ca 82 000,- Tusen takk til til Coop og styret som ser oss.


Også Stavanger kommune ga oss tilskot i 2020 på 75 000,- Sjølv om mykje av desse går tilbake til kommunen i form av kommunale avgifter så er det gode penger for hallen. Vi er i dialog om ein avtale som inneber faste tilskudd frå kommunen, uavhengig av korona pandemien. Det viser at kommunen verdsett den måten vi driv hallen på. Mange takk til Aras Gaure og Arne Tennfjord på kommunen som er våre positive kontaktar inn i kommunen.


Næringslivet har også merka koronasituasjonen. Vi har faste sponsorar i form av reklameskilt i hallen. Desse gir oss eit solid tilskot til å drifta hallen. I 2020 har antal reklameskilt minka. Det er sjølvsagt beklageleg, men det er også forståleg. Mange firma har sett seg nødt til å snu steinar for å skjæra ned på utgifter og då er nok sponsing ein av mulighetene til å redusera utgifter. Vi vil nytta høve å takka dei som nå har gått ut av sponsinga til hallen, for alle åra dei har bidratt med å støtta hallen. Skulle dykk igjen få det til å sponsa hallen ser me fram til å få dykk på laget ved ein seinare anledning. Me vil også nytta høve til å takka alle dei som blir med oss vidare. Me har eit flott næringsliv i kommunen vår og andre kommunar.


Aerobicen har også hatt utfordringar i 2020 og har det fortsatt. Til tross for at dei har store flater å boltra seg på så har koronaen hatt store innvirkning på deira aktivitet. Det har til tide vore stengt og når det har vore åpent har det ikkje mangla på utfordring for halda aktiviteten oppe ut frå smittevernhensyn. Men takka vera god leiing frå Dagny og Margunn så har Aerobicen vært open lenger enn andre aktivitetar. Ein annan viktig støttespelar for å halda aktiviteten har vore Bjørg. Takk til dykk alle!!


Styrkerommet er fortsatt populært blant innbyggerane. Dessverre så har også denne aktiviteten blitt sterkt redusert til skuffelse for brukerane. I byrjinga av pandemien så fekk me lov å driva under forursetning av begrensing i antal personar samtidig. Men i takt med smittespredning så har også styrkerommet i kortare og lengre periodar vore heilt stengt. Torleif Trahaug overtok organiseringa av styrkerommet etter Torjus Landa. I haust fekk Torleif mange andre oppgaver å ta seg av og me måtte finna ny til å ta denne oppgava. Oddny Hidle stillte seg til disposisjon. I tillegg til å organisera rommet er ho også ein flittig brukar. Dette er ein stor fordel då ein til ei kvar tid ser om ting går fint og om ting må ordnast. Å organisera styrkerommet i ein pandemi med ofta nedstenging og opning er krevande. Det er slik at medlemmene betaler på forskot for å få adgang. Når rommet er stengt så får brukerane tillagt tida det er stengt på sitt abbonement. Dette er kan vera tidkrevande. Takk til Torleif for innsatsen han gjorde i den perioden han hadde ansvaret.  


Today for God som er kyrkja til romenerane har vore leigetakerar ein del år. Frå nyttår avslutta vi leigeforholdet med dei. Dei har funne ny plass på Judaberg.


Pensjonistlaget som har aktiviteten i Storstova er vel den aktiviteten som har hatt størst problem med å samlast, forståleg nok. Det var i begynnelsen på pandemien at den eldre generasjoen var mest sårbar i tilfelle smitte. Seinare har det vist seg at også yngre kan bli svært sjuke ved smitte. Pensjonistane har  gått glipp av ca 3/4 av fjoråret når det gjeld aktivitet i Storstova. Kanskje blir det dei som fyrst startar opp att, det er dei som fyrst blir fullvaksinert


Husflidlaget har forsøkt å halda noko av aktiviteten gåande, men til liks med alt anna så har ikkje det vore lett. Magne Kongsvik har til dels klart å gjennomføra kurs i Snekkerboden og litt aktivitet, til dels enkeltvis, har det også vore. Ung husflid har prøvt å ha aktivitet, men som alt anna har ikkje det heller vore enkelt


Konsert med Vassendgutane var booka i 2020, men som alle andre konsertar landet rundt gjekk den i vasken. Dette er måten vi prøver å skaffa hallen ekstra inntekter. Vassendgutane kjem og vi står på programmet deira så snart det blir mogleg å få det til, forhåpentlegvis i slutten av 2021.

 

 

Finnøy Fleirbrukshall blei tidleg i år, av kommunen peika ut som ein mogleg massevaksinasjonsplass. Styret fekk i byrjinga av året forespørsel om hallen kunne brukast til dette. Eit samla styre sa sjølvsagt ja til det, møter er avholdt i forbindelse med synfaring. Planen var at det skulle startast i byrjinga av april. Så blei det sagt i byrjinga av mai. I skrivande stund så kan kommunen ennå ikkje sei når det blir vaksinering i hallen. Men hallen er klar når kommunen er klar.


Idrettsdelen i hallen har fått ny belysning. Dei gamle lysa som har vært i bruk sidan hallen blei bygd, er no skifta ut til Ledbelysning. Utgiftene ved bruk er no redusert med  mellom 60 og 70%. Nå har Storstova, gamle Vevstova og nye Vevstova også Ledbelysning. Arbeidet med å skifta ut resten av gamal belysning vil fortsetta.


Vedlikehald er ein kontinuerleg prosess for å halda hallen i fin stand, både innvendig og utvendig. I år er planen å få malt heile hallen utvendig. Dette er ein stor kostnad når det skal leigast folk til dette. Styret meiner at grensa for kor mykje dugnad som skal gjerast, må heile tida vurderast. Dette for å hindra at folk brenn seg ut og misser lysten på å gå dugnad. Dette er ingen tjent med. Difor prøver styret i 2021 å betala for arbeidet med å få malt hallen.

Økonomien i hallen viser at sjølv i eit pandemiår, går det an å få til resultater. Rekneskapen viser eit ordinært resultat på godt 290.000,-. Dette skyldes stort sett tilskot frå kommunen på inntektssida og mindre drifts og lønnsutgifter på utgiftssida. Gåva frå Coop kjem på 2021 rekneskapet. Det er nå 18 år sidan vi åpna hallen og lånegjelda er nå ca 500,000,- I heile pandemien har vi betalt ned på gjelda. Årsrekneskapen er vedlagt årsmeldinga i eige vedlegg.


Takk til alle som i 2020 på ein eller anna måte bidrog med frivillig innsats for å halda hjula i gang, til tross for dei utfordringane me sto over for i eit svært spesielt år. Og det kan ikkje gjentas ofte nok at utan dykkar innsats kunne ikkje hallen vært drevet slik vi gjer. Nokon vil kanskje spør seg om eigarformen og driftsformen snart er utdatert. Vel, då måtte kanskje kommunen overtatt, men er det det vi vil?

 

 

Som styreleiar vil eg nytta høvet å takka styret for samarbeidet i 2020. Når ein har  eit styre der alle gjer sine oppgåver til fulle, er det givande å vera leiar. Takk til dykk alle. Mette Bakka går nå ut av styret. Ho har hatt ansvaret for utleige av hallen. Utan tvil ei av dei mest krevjande og viktige oppgåva i styret, Dette har ho gjort på ein framifrå måte og det er bare å håpa at valnemda finn personen som skal fylla hennar sko. Tusen takk Mette for gilde år i styret.


Dersom ikkje noko anna blir annonsert går årsmøtet som planlagt 25 mai. Skulle koronasituasjonen tilsei noko anna får vi utsetja årsmøtet

 

Styret i Finnøy Fleirbrukshall

Fleirbrukshallen vart bygga av folk i Finnøy kommune og er til for folk i Finnøy kommune