Finnøy fleirbrukshall








Innkalling til årsmøte i Finnøy Fleirbrukshall

Tysdag 31. mars kl 1930 2020

 

 Sakliste:

  1. Godkjenning av innkalling og sakliste
  2. Val av møteleiar og referent
  3. Val av 2 til å signera møteprotokoll
  4. Godkjenning av årsmelding frå styret
  5. Godkjenning av rekneskap for 2019
  6. Godkjenning av budsjett for 2020
  7. Evt. innkomne saker
  8. Val

 

 Styrets samansetting 2019


Leiar Arild Flesjå

Nestleiar Lars Reilstad

Sekretær Hege Kleiberg Mjølsnes

Styremedlem Bjørg Wiik Nærland

Styremedlem og ansvarleg for utleige Mette Lise Bakka

Styremedlem Arve Rørheim

Styremedlem Gaute Halleland

1.vara Jan Finn Sørensen


Ansvarleg for styrkerom, ikkje medlem av styret, Torjus Landa

Valnemd Annbjørg Austbø (leiar)


Styret hadde i året 2019 7 styremøter  og behandla 52 saker. Etter å ha vore leiar i mange år så er eg opptatt av  at årsmeldinga  ikkje skal bli ein kopi av året før, men alltid vera eit fottrykk av det som faktisk skjedde i Fleirbrukshallen i det året vi har bak oss. Likevel er det ting som kan virka som gjentaking av  fjoråret, men som det er betydningsfullt å ta med i ei årsmelding. Ikkje minst er dette det arbeidet som styret gjer. Eit styre som fortsatt fungere svært godt. Dette takka vera at alle gjer jobben sin til fulle. Med andre ord er det eit styre ein kan stola på og som ikkje overlèt ting til tilfeldigheitene. Nå er det slik at fleire  av oss har sitte i styret i mange år og for nokre av dei er det tid for å takka av. Alle som har sitt hjerta for hallen skal vera takksame for å ha hatt slike trufaste slitarar i mange år. Det vil merkast når desse nå trekker seg tilbake. Håpet er at dei på ein eller annan måte fortsatt kan gi eit bidrag for hallen


Styret er fortsatt ansvarleg for mykje av det som skjer i hallen. På den måten har vi god kontroll slik at det ikkje kjem store overraskingar. Sjølv om styret er dei som har ansvaret, har vi svært godt samarbeid med alle brukarane av hallen og gir dei mykje ansvar. I det store og heile fungerer dette godt. Med så mange forskjellige brukarar så var det rart at alt skulle gå på skinnar. Difor er det godt og ha jamnleg kontakt med brukarane slik at ting som ikkje fungerer godt nok kan tas opp og justerast.


26. januar hadde vi besøk av ”Gunslingers” som ein del av dei ekstra arrangementa vi brukar å ha kvart år eller anna kvart år. Det var ein vellukka kveld, men det kunne godt vore fleire besøkande. Likevel vart det eit godt overskot denne kvelden. Styret har gjort ein avtale med Coop når det gjeld innkjøp av diverse drikkevarer som gjer at det så å seie blir null svinn i form av overskytande varer. Uopna boksar og flasker blir returnert tilliks med all tomgods. Ein stor takk til Rune Nåden som er med på laget ved slike arrangement saman med sonen Daniel Dei har kontrollen, og er det nødvendig med suppleringar er Coop ikkje langt unna. Fantastisk løysning!! Tomatdansen i 2019 var den beste nokonsinne på mange måtar. Godt besøkt av eit publikum som oppfører seg eksemplarisk. Her kjem dei for å ha det kos! God musikk av Rita Fotland og mann. Overskotet blei det beste vi har hatt.


2020 er ein realitet og vi er Stavanger kommune og det er nå Stavanger kommune som er største eigar i hallen med flest andeler. Kva får det å seie for Fleirbukshallen? Ennå er det for tidleg å seie noko om dette på lang sikt. På kort sikt har det skjedd ting som er positive for hallen. Stavanger kommune har eigarskap til dei fleste idrettsanlegg i Stavanger kommune og gir fri leige til idrettslege aktivitetar. Det betyr at Finnøy idrettslag nå kan nyta godt av dette og bl.a. få gratis leige i hallen, betalt av kommunen. I år vil idrettslaget få 150.000,- til leige i hallen som har inngått avtale med idrettslaget om å leiga for ca 240.000,- i 2020. Dette er ein god del meir enn dei har leigd før. Idrettslaget har starta opp med fleire aktivitetar som i seg sjølv er positivt, men det er også positivt for hallen.


Stavanger kommune ynskjer ikkje å forandra på styring og driftsform av Fleirbrukshallen så lenge hallen blir drive som den blir idag. For fyrste gong sidan hallen blei opna i 2003 har vi mottatt eit kommunalt  tilskot. I staden for å overta styringa av hallen ville dei premiera hallen med eit tilskot for 2020 med 75.000,-. Dette fordi dei meinte at hallen blei drive på ein framifrå måte. Tilskotet vi har fått er ein fin inspirasjon i så måte.Kommunen har sin representant i styre som Finnøy kommune hadde. Dei fire siste åra var det Lars Reilstad som representerte kommunen. Nå er det Lisa Breiland som representerer Stavanger kommune i styret.


Driftsresultatet for 2019 viser eit overskot på godt 260.000,-  Dette er nokolunde i forhold til eit budsjettert overskot og ein klar forbetring frå 2018 sjølv om vi har hatt ein del uforutsette kostnader som blei kostnadsført på 2019. Vi har hatt to forsikringssaker som blei gjort opp i 2019 og som gjaldt vaskerommet og teknisk rom. I vaskerommet hadde vi besøk av rotta som forårsaka vasslekkasje då den hadde laga hol på vassledningen. Det visste seg at den hadde kome seg opp gjennom utslagsvatnet i golvet via kloakkleidningen. Tiltak er gjort slik at det ikkje skal skje igjen. Samtidig som vi fekk reparert rommet gjorde vi litt om og fekk betre hylleplass til glede for reinhaldarane. I teknisk rom hadde vi også ein forsikringssak då ein del av golvet måtte skiftast etter havari på elektrokjelen med fylgjande vasslekkasje. Styret har brukt ein del pengar på å få vaska stolar og gjera reint flisegolv i inngangsvestibylen og toaletta. Også dusjane i alle garderobane er reingjort med stim og reingjeringsmiddel for flis og fuger. Elles har vi hatt den årlege reingjering av hallen utvendig. Vedlikehald på hallen er noko vi som styre tar alvorleg og prøver heile tida og reparera ting som går sund.


Budsjett for 2020 blir lagt fram til godkjenning på årsmøte


Tribunen er ennå ikkje heilt ferdig. Stolane vi fekk frå auditoriet i meieriet blei tatt i bruk når vi hadde innandørs fotballturnering i januar i år. Det står litt arbeid att før vi kan ta i bruk alle stolane vi fekk.


Storstova er fortsatt mykje brukt, men kan brukast mykje meir. For å gjere den ennå meir attraktiv skifta vi ut belysninga i 2019 til dimbare ledlys der alle tre lysrekkene kan dimmast uavhengig av kvarandre. Vi søkte Sparebankstiftelsen om støtte til dette og fekk 37.000. Fantastisk bra! Mange takk til SR Bank for støtta. Nå har vi ledlys i Storstova, Husflidstova og i tidlegare Vevstova.


Sponsorstøtta er ganske stabil. Vi har mista tre støttespelarar i fjoråret utan at nye har kome til. Det er viktig å syna våre sponsorar at dei samla bidreg til store inntekter for hallen, noko som er nødvendig. Difor har vi sponsortreff anna kvart år slik at dei også der har moglegheita til å sjå kva hallen er for lokalsamfunnet. Vi hadde slik samling med dei i februar i fjor. Mange takk til dykk alle!


Aerobicen har fortsatt sin popularitet. Dagny og Margunn skal ha mykje av æra for at dette går så godt som det gjer. Med god organisering  så er mykje gjort. Denne aktiviteten er ein viktig del av mangfaldet for hallen. Ein aktivitet som tydelegvis er viktig for mange sidan vi klarer å halda på eit jamt antal utøvarar. Hallen leiger Dagny og Margunn som instruktørar og leiger også utstyr av dei. Godt jobba Dagny og Margunn!!


Husflidlaget er fortsatt i det gamle styrkerommet. Dei har også Hobbystova som dei har hatt sidan hallen var ny. Laget driv dei same aktivitetane i gamle styrkerommet med Veving og Ung husflid. Hobbystova er populær blant brukarane som det har blitt nokre fleire av. Under årsmøtet i Husflidlaget kom det fram at husleiga ikkje står i stil med aktivitetsnivået og gjer at det er utfordrande å driva laget. Skal ein gjer noko med nivået på leiga,må det i alle fall koma ein henvendelse frå styret i Husflidlaget om dette.

Klatreveggen blir meir og meir brukt, noko som er gledeleg. Idrettslaget starta i haust opp med nye aktivitetar, bl.a. med klatring for barn. Det ser ut til å vera populært og vi håpar sjølvsagt at denne aktiviteten er komen for å bli. Elles er det andre som leiger klatring til spesielle anledningar og det er også drop-in klatring. Takk til Stian og Vegar som fortsatt administrerer og held veggen i orden og forandrar ruteopplegget når det trengs. Dei tar seg også fortsatt av klatringa i samband med Tomatfestivalen. Flott innsats gutar!!


Styrkerommet har også i 2019 blitt mykje brukt. Det blei også i fjoråret gjort investering i rommet. Etter at vi i 2018 gjorde til dels store investeringar i byggtekniske ting, kjøpte vi inn noko nytt utstyr til både utskifting og fornying. Det fungerer fortsatt godt i forhold til adgang og bruk. Torjus Landa hadde også i fjoråret ansvaret for å halda orden på at brukarane har gyldig kort og at dei blir stengt når korta utløpar eller at dei blir fornya ved utløp.  Takk Torjus for jobben du gjer!!

 

Rommet oppe på sida av kjøkken blir fortsatt brukt av Den Rumenska Kyrkja. Marianne Zwering har fortsatt sin Yogatrening her. Heilt klart så kan rommet  brukast meir, men det er ikkje alltid like lett å finna rette brukarane i kombinasjon med dei som allereie er her. Dette kan vera utfordrande i forhold til utstyr dei forskjellige brukarane treng lagra i rommet.

Kiosken i inngangsvestibyelen har fått to nye kjøleskap av Coop. Dei erstatta den gamle kjøledisken som var mett av dage. Nå har vi to gode kjøleskap i tillegg til det som er her frå før og som lett kan flyttast på når det trengs til anna bruk.


Utfordringane i framtida ligg klart i det å oppretthalda utleiga og kanskje auka den. Men det er oftast  at ved auka utleige så blir det auka kostnader. Så det er ikkje alltid slik at ved å auka utleiga så aukar inntekta det same. Storstova er den som klart peikar seg ut som det rommet som kan ha mykje meir utleige. I dag så er det Pensjonistlaget som er den klart største brukaren av Storstova sjølv om deira leiga frå  nyttår minka med 1/3.  Seniordansen trakk seg ut som ein del av Pensjonistlaget og fann lokale ein annan plass. Dette er ting hallen ikkje kan gjere noko med. Folk må bestemma sjølve kor dei vil leiga. Og når tilbodet på lokale til leige aukar,så har vi som styre ein utfordring. Idrettslaget har nett opna nytt flott klubbhus som også kan brukast til utleige. I fjor opna skyttarlaget nytt klubbhus og tilbyr utleige, mykje av det same hallen kan tilby. Og meir moglegheitfor å leiga lokale har også kome. På denne bakgrunn vil  styret  sjå på kva som skal til og om noko må gjerast for at hallen skal vera konkurransedyktig og attraktiv plass å leiga lokale til diverse arrangement.


Idrettshallen er mykje i bruk, både fast utleige og sporadisk utleige. Som nemnt tidlegare så har idrettslaget utvida bruken med fleire nye aktivitetar, bl.a. turn og klatring. Turnen er her to gonger i veka og klatringa skjer i samband med barneidretten. Det er flott å sjå at viss ein har gode instruktørar så er det mulig å få til nye aktivitetar. Her har idrettslaget vore flinke og fått folk som er villige å bruka fritida si på å skapa aktivitetar for barn og unge. Volleyball er blitt svært populært i hallen, både med faste treningstider og også litt drop-in. Så populært er det blitt at styret såg nødvendigheita av å merka opp ein tredje volleyballbane. Å merka opp banen kosta ganske mykje pengar, men heldigvis så har me positive bedrifter som trør til ekstra når vi spør. Takka vera Raadvill, Grieg Seafood, Lyse og Hjelmeland Sparebank fekk vi dette til. Dei kosta oppmerking og hallen kjøpte inn nye stativer og nett. Tusen takk for dykkar velvilje!

Energiøkonomisering er det mykje snakk om, og vi gjer tiltak også i hallen. Vi har tidlegare bytta ut lys i 3rom i hallen til ledlys og nå står sjølve idrettshallen for tur. Når alt lyset står på her, så drar det ca. 10 kW. Nå skal vi skifta ut desse med ledlys og effekten blir ein fjerdedel av det den er i dag. Dette kostar pengar, men om ikkje lenge så kjem det nok krav om dette og det blir snart ikkje muleg å få tak i lampar til den gamle belysninga. Så dette må gjerast.

 

Vedlikehald av hallen utvendig kjem vi heller ikkje utanom og då er det maling av bygget som står for tur. Dette har vi planar om å få til i sommar. Korleis vi skal gjer det er ikkje avklart, men vi vil prøva å få dette til i budsjettet slik at vi kan leiga denne tenesten. Styret som bidrar svært mykje gjennom året må sleppa å bruka av fritida si om sommaren på dette. Uteområdet skal vi også ta tak i. Vi vil rydda og planera området på aust og sørsida slik at det kan brukast og at det tar seg betre ut enn det gjer i dag.


 Takk til alle som på ein eller anna måte bidreg til å halda hjula i gong. Dykk skal vita at utan dykkar hjelp, stor eller lita, kunne vi ikkje ha drive hallen på den måten vi driv på. Reinspikka dugnad kvar dag er nøkkelen. Så kan ein spør seg om det skal vera slik i all framtid?  Det får andre svara på. Det som er sikkert er at driftsmodellen vi valte når vi bygde og opna hallen har vore ein suksess. Det at så mange føler at dei eig ein liten del i hallen gjer at hallen fortsatt, etter 17 år, er eit bygg og samlingsplass å vera stolt av.


Så kom Koronaviruset. Etter at årsmeldinga var ferdigskriven så kjem det som grip inn i alles liv, og tiltak blir pålagde oss alle, også Fleirbrukshallen. Vi begynte med, på eige initiativ å stenga Styrkerommet då det var det rommet som kunne vera den største faren i forhold til smitte. Dagen etter så kom det pålegg og anbefalingar som eit ras. Då fann vi ut at det beste var å stenga hallen for all aktivitet inntil vidare. No veit vi ikkje kor lenge dette vil pågå, men ein ting er sikkert og det er at hallen taper inntekter. Dersom vi må halda stengt lenge, er det noko som får konsekvensar for kor mykje pengar vi kan bruka, bl.a. på vedlikehald. Dette vil våren og kanskje sommaren gi svaret på.


I utgangspunktet blir årsmøtet halde som planlagt, men vi ser det litt ann kva som skjer framover.

 

Styret i Finnøy Fleirbrukshall

Fleirbrukshallen vart bygga av folk i Finnøy kommune og er til for folk i Finnøy kommune

OneWeb 2012 © Copyright