Finnøy fleirbrukshall








Innkalling til Årsmøte i Finnøy Fleirbrukshall

Onsdag 3.april 2019 kl.1930

 

 Sakliste:

  1. Godkjenning av innkalling og sakliste
  2. Val av møteleiar og referent
  3. Val av 2 til å signera møteprotokoll
  4. Godkjenning av styrets årsmelding
  5. Godkjenning av rekneskap for 2018
  6. Godkjenning av budsjett for 2019
  7. Val

 

Styrets samansetting i 2018


Leiar Arild Flesjå

Nestleiar Lars Reilstad

Sekretær Hege Kleiberg Mjølsnes

Styremedlem Bjørg WiikNærland

Styremedlem Roar Asheim

Styremedlem og ansvarleg for utleige Beathe Kristine Strømskag

Styremedlem Arve Rørheim

Styremedlem og ansvarleg for Styrkerom  ChristineFreisinger

1.vara Jan Finn Sørense

2.vara  Gunn Elin Steinsvik Landa


Valnemd Hadle Austbø leiar, Gunn Flesjå og Bjørg Amdal


Styret hadde i 2018  8 styremøter og behandla i alt 67 saker. Gjennomgangstonen i styret er at det fungerer godt. Mange av medlemmene har lang og solid erfaring, noko som er ein betryggelse både for hallen og ikkje minst for leiar. Det aller meste går om ikkje på skinnar, så i alle fall svært godt. Me kjenner kvarandre, våre sterke sider og litt mindre sterke sider, slik at vi utfyller kvarandre på ein god og trygg måte. Totalen blir derfor oftast svært god.


Styrets arbeid har i 2018 mykje gått på å drifta hallen. Vi har ikkje hatt nokon stor konsert dette året utanom den tradisjonelle Tomatdansen og difor ingen store ekstra inntekter. Vi prøvde oss på amerikansk auksjon tidleg på året, utan at det blei det store for hallen. På førehand hadde næringslivet bidratt med til dels flotte auksjonsobjekt og ein skulle tru at det ville ”ta av” i budrundane. Slik blei det ikkje. Det var heller ikkje så mange som kom som vi hadde håpa, til tross for godt opplegg med sal av middag og diverse.  Stor takk til næringslivet som ga mange og flotte gevinstar, til Bondekvinnene som bidrog med mange gode kaker og til Arne Nordbø som stilte opp som auksjonarius.Andre ting som styret har brukt mykje tid på er ein del opprustningar i hallen. Dette kjem som eige avsnitt.


2020 rykker stadig nærmare og det er då vi skal bli ein del av storkommunen Stavanger. Som lesarar av Øyposten sikkert har fått med seg så kan dette få betydning for Finnøy Fleirbrukshall. Som kjent så er dei fleste av idrettsanlegg inkludert idrettshallar eigd og drifta av Stavanger kommune og lag og organisasjonar har mykje gratis bruk av anlegga. Slik har ikkje vi det. Vi har allereie vore i møte med kultur og idrett i Stavanger kommune for å få ein forståing av koss dette vil virka inn for bl.a.Fleirbrukshallen.  For hallen sin del så betyr det ikkje så mykje kor pengane kjem frå, bare vi får dei. Det som kan vera positivt er at i idrettslaget så har dei fått igong ei aktivitetsgruppe som har som mål å skaffa meir aktivitet i laget og meir innandørs aktivitet. Dermed så kan hallen få meir inntekter iform av meir bruk. Dette er positivt på fleire måtar og dei har allereie fått til meir aktivitet i hallen i 2018.


Driftsresultatet for 2018 blei på langt nær så godt som det har vore dei siste åra. Likevel er det overskot. Vi tok ein del påkostnader som ikkje var planlagt, men som vi fann ut måtte gjerast. Styrkerommet blei påkosta ganske mykje. Vi hadde også eit vedlikehald på hallgolvet i sommar. Etter 15 års bruk var det på tide å reparera ein del skader og vi engasjerte dei som la golvet då hallen blei bygd til å gjer dette. Meir enn 170 små og større skader blei reparert. I forbindelse med at vi fiksa golvet tok vi ein grundig rens av golvet slik at det framstår som nesten nytt. Den fine lysegrønefargen var tilbake. Gulv-og Takteknikk seier at vi har golv i 10- 20 år til. Vi har også brukt ein del pengar på oppgradering av lys i den gamle vevstova. Så hadde vi havari på ventilasjonsanlegget i sommar. Nå er det slik at elektronikk deler går utav produksjon etter ei tid. Slik med dette også, men med god hjelp av Ebay og Hallvard så fekk vi det opp å gå igjen. Likevel så kosta det pengar. I november fekk vi vatnlekkasje i vaskerommet, noko som førte til uventa kostnader. Golvvaskaren måtte nokså uventa også reparerast. Alt i alt så har vi brukt mykje meir pengar på nødvendige påkostnader enn det som var tenkt. Likevel er dette å forsvarast då det genererer inntekter for hallen i mange år framover.


Budsjett for 2019 blir lagt fram for årsmøtet 3.april.


Tribunen er iferd med å få litt særpreg då vi i haust fekk tilbod om å overta stolane i auditoriet i gamla meieriet. Vi er ikkje ferdige, men om ikkje lenge så har vi VIP tribune med 80 fine stolar. Mange takk til Martin Steinnes som ga hallen dette.


Sponsorstøtte er fortsatt ei stødig og viktig fast inntekt. Nokre få skilt er tatt ned, men er blitt erstatta av nye slik at inntektene frå reklameskilta i hallen held seg på nokolunde den same som det har gjort i mange år. Vi vil nytta høve til å takka alle våre faste støttespelararsom utgjer ein viktig bærebjelke i inntektenefor å driva hallen slik vi gjer i dag. Alle dykk bidrar til å gjer arbeidet til styret mykje lettare.


Storstova blir fortsatt mykje brukt av Pensjonistlaget. Det er dei som har den største aktiviteten her med 3 dagar i veka. Elles så er det nokolunde lik utleige på den tilfeldige utleiga som det var året før.For at vi skal gjer rommet  meir brukarvennleg har vitenkt å skifta ut belysninga her. Det har vore eit ynskje frå mange at ein skal ha moglegheitbåde å dimma ned lyset og ha litt betre valmoglegheiter for kor mykje av Storstova som skal lysast opp. Difor vil vi skifta til dimmbare ledlys og håpet er at vi skal finna rom for dette i inneverande år.

 

 

 går så det suser.  kvar måndag og onsdag samlast om lag 30 spreke damer til 1 times intens trening. God organisering er oftedet som skal til for å halda på aktivitetar. Og det har dei klart her. Dagny og Margunn skal ha stor ros for det opplegget dei har og for å halda gang i Aerobicen. Lydanlegget vi investerte i for knapt eit par år sidan ser uttil å fungera godt. Lydanlegget blir ofte brukt til andre aktivitetar også. Tusen takk Dagny og Margunn for trivseljobben dykk gjer.


Det gamle styrkerommet har fått ny aktivitet. Husflidlaget flytta sine ting ned frå 2.etasje i haust. Vevstolane er  etablerte her, ikkje like mange som før, men flittig bruk av dei vevstolane som er. Husflidlaget starta opp med ein ny aktivitet i haust som dei Kalla ”Ung husflid”som ser ut til å vera populært. Styret ynskjer dei lukka til med dei gamle og nye aktivitetane.

Klatreveggen har blitt brukt meir i 2018 enn tidlegare. Dette er gledeleg og skyldes fleire ting. Aktivitetsgruppa i idrettslaget har starta nye aktivitetar og klatring er ein av dei. Så har fleire fått brattkort då Stian og Vegar har hatt kurs. Utanom den organiserte klatringa så har fleire vore innom på såkalla dropin-klatring. Takk til Stian og Vegar som fortsatt står som administratorar og tar seg av vedlikehaldet av klatreveggen.Dei hadde også i fjor ansvaretfor klatringa på Tomatfestivalen i klatreveggen.


Styrkerommeter fortsatt ei god inntektskjelde til hallen. I januar var det mellom 60 og 70 faste brukararav rommet. Christine Freisinger overtok i fjor jobben med å administrera alle medlemskapa i rommet, men av helsemessige årsaker måtte ho trekka seg frå styret i haust. I den korte perioden ho var med gjorde ho ein svært god jobb med å få kontroll på inngangskort og få ein god oversikt over gyldigheita av korta. Takk til Christine for den tid ho var med oss. Torjus Landa overtok jobben hennar, utan at han er medlem i styret. Så får ein sjå om han skal fortsetta med den oppgåvaeller det blir tillagt nokon i det nye styret.


I haust fekk vi tilbakemelding av brukarar i styret at det måtte gjerast noko med miljøet i Styrkerommet då dei meinte at noko av isolasjonen trekte gjennom den duken som var lagt utpå isolasjonen. Når folk har noko å utsetja på ting, enten det er utstyr eller rommet i seg sjølv så tek vi alltid dette på alvor. Vi bestemte oss fort for å gjer noko med rommet og gjekk  igong med å dekka tak og vegger med dampsperre og kle dette med ein miljøvennleg kledning noko som gjorde rommet lyst og fint. Mange takk til Mitca som tok på seg jobben raskt og rimeleg. Takk også til alle dei andre som bidrog med dugnad. Ein god del av dei uforutsette kostnadane i 2018 ligg her i Styrkerommet.


Kiosken i vestibylen har som vi skreiv i årsmeldinga i fjor fått nytt kjøkken. Her er det nå blitt veldig fint.

 

 

Vevstova i andre etasje er historie i og med at Husflidlaget flytta sine aktivitetar ned i det gamle styrkerommet. Den Rumenska Kyrkja ynskte å flytta inn her, noko som gjorde at vi måtte gjer noko med bl.a.belysninga. Difor skifta vi til dimmbar ledbelysning noko som kosta ein del pengar. Marianne Zweering har også flytta inn her med sin Yoga-trening. Rommet kan også brukast til møterom, men foreløpig er det desse to faste aktivitetane som er her.


 Utfordringar og planar for hallen framover. Diskusjonen om Fleirbrukshallen skal få eit anna eigarskap når vi blir storkommune vil sikkert komma. Pr i dag ser ikkje styret for seg at hallens eigarskap og driftsform skal endrast. Det som kan gjer drifta av hallen annleis er at vi kan få eit årleg tilskotav den nye storkommunen, noko som er positivt. Kanskje kan det gi rom for at vi kan leige  tenester til litt dagleg vedlikehald slik at styret får litt avlastning med diverse gjeremål.  I alle fall så må det bli ein moglegheittil dette når vi har betaltned lånet som no er på godt 1 mill. Styret finn ikkje at det er rett i inneverande år å forandra på noko. Vi er i dialog med Stavanger kommune, men har foreløpig ikkje noko avtalt med Stavanger kommune. Skal Fleirbrukshallen få ei anna eigar og driftsform er detteei sak for eit årsmøte.  Så får tida visa kva som er fornuftig å gjera. Uansett må vi jobba vidare med å skaffa pengarpå utleigesida og visa våre samarbeidspartnerar,  både leigetakarar ogsponsorar at vi set pris på dei og deira tilskotfordrift av hallen.


Om ikkje lenge så får me ein konkurrent  når det nye idrettshuset står ferdig. Flott at det gamle idrettshuset er historie og eit nytt kan sjå dagens lys. I det nye er det kalkulert med utleige av lokal, lokal som vi også har i hallen. Då må vi rekne med at det blir meir konkurranseom utleige.

Snart er det vår og vi må sjå på kva som må gjerast utvendig for at hallen skal ta seg fint ut og møte festkledde som kjem til hallen 17.mai. Dette er ikkje noko nytt for styret. Vi har kvar vår ein dugnad for å gjeradet som må gjerast etter ein haust og vinter som set spor. Men utearbeidet har allereie begynt. I slutten av februar fekk me rydda vekk alle grantrea som vi saga ned på austsida av hallen for eit par år sidan. Mange takk til Rasmus og Jonas som var med i gravemaskin og traktor. I alt blei det kjøyrt vekk 12 hengarlass med tre og greiner. Mange takk også til Audun, Leif Endre og Lars Henrik som lot oss få bruka av maskinparken deira. Etter at vi fekk ned desse trea pluss dei 5 største trea som vi tok i fjor har det blittbetydelegmindre som samlar seg på taket av barnål og kvister, noko som igjen gjer oss mindre vedlikehald.


Utvendig må det snart planleggast å mala heile hallen. Det blir ikkje i år, men kanskje neste år. Dette er eit stort arbeid og styret må finna ein god måte å løysa dette på.

 

 

 

Takk til alle hallens hjelparar. Vi har fortsatt mange som på ein eller anna måte bidreg til at hallen er der den er i dag. Grunnstammen i den faste vaskegjengen som tek seg av hallgolvet er der fortsatt. Nokre få har slutta etter mange år i dette viktige arbeidet. Vi har fåtterstatta desse med 3 nye medlemmer av vaskegjengen. Det vil ta for mykje tid og plass å nemna alle som på ein eller annan måte bidrar med dugnad i hallen. Det som er gildt for styret å sjå er den velvilje som blir vist oss når vi spør om hjelp til diverse som til dømes når vi treng vakter og anna til konsertar og liknande. Styret seier tusen takk til dykk alle som på ein eller annan måte bidrar til fellesskapet.


Styret i Finnøy Fleirbrukshall


v/leiar Arild Flesjå






c


















   

















 






Fleirbrukshallen vart bygga av folk i Finnøy kommune og er til for folk i Finnøy kommune

OneWeb 2012 © Copyright