Innkalling til årsmøte i Finnøy Fleirbrukshall onsdag 4 april 2018 kl 1930

 

 

Sakliste:

1.Godkjenning av innkalling og sakliste

2.Val av møteleiar og referent

3.Val av 2 til å skriva under på møteprotokoll

4.Godkjenning av styrets årsmelding

5.Godkjenning av rekneskap for 2017

6.Godkjenning av budsjett for 2018

7.Val

 

Evt saker til årsmøtet må vera leiar i hende 1 veke før årsmøtet

 

 

 

Styrets samensetning i 2017

Leiar Arild Flesjå

Nestleiar Lars Reilsatd

Sekretær Hege Mjølsnes Kleiberg

Styremedlem Bjørg W Nærland

Styremedlem Roar Asheim

Styremedlem Beathe Kristine

Styremedlem Arve Rørheim

Styremedlem Daniel Ciuciu

1.Vara Janfinn Sørensen

2.Vara Gunn Elin Steinsvik Landa

 

Styret hadde i 2017 7 styremøter og behandla 55 saker. Arbeidet i styret fungerer godt, og kvar enkelt gjer si oppgåva på ein framifrå måte. Som mennesker er vi alle forskjellige, men i styret er dette ein styrke der ein utfyller kvarandre på ein god måte. 15 mars i år hadde Fleirbrukshallen eit lite jubileum då det var 15 år sidan hallen vart åpna. Det er rart å tenka på at det allereie har gått så mange år og at vi fortsatt maktar å driva hallen på nokolunde same basis som var grunnlaget for hallen når den blei planlagt. Nemleg at mykje av arbeidet i hallen skulle drivast på dugnad. Så langt har vi lukkast, men det e ei tid for alt. Stadig fleire tenester blir i fleire og fleire lag og organisasjonar betalte fordi dugnadsånda med tida svekkast. Slik vil det kanskje også måtta bli for hallen vår også. Frå 2020 er vi ein del av storkommunen Stavanger der dei driv idretts og kulturanlegga på ein heilt anna måte enn det vi gjer. Der er det for det aller meste Stavanger kommune som eig og driv anlegga. Når vi blir ein del av Stavanger kommune vil nok spørsmålet snart melda seg om det er aktuelt at kommunen overtar hallen og drifta av den. Men er det det vi vil? Det vil heilt sikkert bli ein diskusjon på det siste årsmøtet før kommunesamanslåinga er eit faktum. Utifrå det som er sagt av leiande personar på anlegg i Stavanger så kan det vera aktuelt å gi hallen eit årleg pengetilskot og at vi kan driva hallen som før. Styret legg ikkje opp til ein stor diskusjon om dette på årsmøte nå, men det kan vera at det blir sagt litt om tema.

 

Det er fortsatt eit tankekors for styret at det er så lita interessa for årsmøtet i fleirbrukshallen. I fjor var det ennå færre enn året før. Det er ganske betenkeleg at så få intresserer seg for kva som skjer i hallen mellom to årsmøter. Som styre kan vi ikkje gjer noko anna med dette enn å oppfordra folk til å stilla på årsmøte. Årsmøtet er det organet du som andelshavar og brukar kan koma med innspel dersom du føler for det.

 

Styrets arbeid gjennom året dreier seg som vanleg mykje om det å skaffa ekstra inntekter til hallen. Året sett under ett så lykkast vi i 2017 med det. I februar hadde vi besøk av Vassendgutane. Dette var ein suksess både økonimisk og arrangementmessig. Vi hadde ca 600 betalande innafor dørene. På så store arrangement er det nødvendig med mange vakter for å halda kontroll og for å gi publikum den service ein forventar. Takka vera velvilje frå mange finnøybuar og folk frå andre land fungerte vakthaldet godt. Det er bare å gi ros til all publikum for fin oppførsel og takka alle som bidrog på dugnad som vakter. Vassendgutane leverte virkeleg varene på scenen. Det var også ei gleda å oppleva ein slik jordnær og omgjengeleg gjeng frå Sunnmøre.

 

I haust prøvde vi på nok ein innsats for å skaffa ekstra inntekter. Steinar Albrightsen og hans medmusikantar stod på scenen i slutten på oktober. Dessverre så var det ikkje mange som hadde funne vegen til fleirbrukshallen denne haustkvelden. Men dei som var der fekk oppleva ein konsert av topp kvalitet og artistar som ga av seg sjølv langt utover den tida dei på førehand hadde sett av. Takk til Albrightsen, kona og gitaristen for ein framifrå konsert. Med så få betalande seier det seg sjølv at det blei underskot på denne konserten. Men det viser seg at det ikkje er enkelt å treffa publikum kvar gong.

 

Revisjonsberetningen blir lagt fram på årsmøte då denne i skrivande stund ikkje er klar

 

Budsjett for 2018 blir lagt fram for godkjenning på årsmøtet

 

Driftsresultatet for 2017 viser ca 355 775,- mot 255 276,- året før. Altså ein god oppgang, som mykje skyldes eit godt overskot på konserten med Vassendgutane. Hadde vi truffet publikum forholdsvis like godt med Albrightsenkonserten i oktober kunne vi vist til eit rekordresulat for 2017. Men det vil alltid vera litt lotteri i det med prøver å skaffa av ekstra inntekter. Slik er det bare. Vi er prisgitt at publikum støttar opp samtidig som vi som styre ikkje tek altfor stor risiko.

 

Påkostningar må vi alltid rekna med at det blir. Vi har eit bygg som er i kontinuerlig bruk og ting må reparerast og skiftast ut. Det er i fjoråret brukt om lag 30 000,- på rep og vedlikehald på bygg og innventar

 

Sponsorstøtta er ei av hallens aller viktigste faste inntekter. Den varierer lite år frå år. Nokre få fell frå som skiltsponsor, men vi klarer stort sett å erstatta desse med nye. Det er ein trygghet å ha alle desse positive bedriftene som ser kor viktig det er å ha ein oppegåande og mykje brukt fleirbrukshall. I 2017 hadde vi ca 190.000,- i inntekter frå faste sponsorar. Det viser at næringslivet er ein viktig bærebjelke for hallen. Vi vil nytta høvet å takka alle dykk som er omhandla i dette avsnittet. Vi skal snart fastsetta tid for når vi skal ha neste sponsortreff. Vi håpar at vi kan laga eit ennå betre opplegg på neste sponsortreff slik at vi kan få anledninga til å fortella ennå fleire kor viktige dei er for hallen. I tillegg til dei faste sponsorane er det aldri vanskeleg å spør om sponsorstøtta til arrangementa vi steller til. Igjen mange takk til alle dykk!!

 

Klatreveggen har blitt ein fast arena på Tomatfestivalen der Vegar og Stian byr opp til klatrekonkuranse på laurdagen. Då er det full aktivitet frå begynnelse til slutt. Eit flott tiltak som bidrar til mangfald Tomatfestivalhelga. Elles så blir klatreveggen brukt, for det meste av folk frå Finnøy, men også utlendingar har begynt å bruka veggen. Stor takk til Vegar og Stian som ser etter at alt av utstyr og vegg er i orden.

 

Aerobicen har fortsatt mellom 30 og 40 medlemmer som stiller opp kvar måndag og onsdag til ein times hardøkt enten med Margunn eller Dagny som gode instruktørar. Det er gledeleg å sjå at også nokre av flyktningane vi har i kommunen finn seg til rette her. Med så mange medlemmer genererer det gode inntekter til hallen og det er viktig at dei som driv denne får gode forhold med utstyr og anna. Vi har bl.a investert i nytt lydanlegg der høytalerane er montert på kvar side av sceneåpningen. Dette er eit anlegg som er enkelt å ta i bruk og som kan brukast til langt meir enn bare Aerobic. I romjulscupen til idrettslaget vart det brukt til speakeranlegg for heile hallen.

 

Det gamle styrkerommet blir fortsatt brukt av Marianne Zwering til yoga. Ho tar pause frå påske og det er litt usikkert kva opplegg ho har til hausten. Utover denne bruken blir rommet brukt av romenerane på søndagsettermiddagane. Men det kunne vore brukt mykje meir. Problemet er å finna ein aktivitet som passar inn. Det er ikkje lett. Styret har nå fått innspel frå Husflidlaget som vi skal sjå på.

 

Styrkerommet er fortsatt populært. Rekneskapet for 2017 syner ei lita auke i inntekt frå året før. Det ser vi positivt på og styret vil bidra til at ennå fleire vil bruka styrkerommet i framtida. Men det krever at vi stadig ser på behovet for å investera i nytt utstyr og at utstyret i rommet er vedlikehaldt og i orden. Det er nyleg investert i ny tredemølla, noko som er ein tung investering då den hadde ein prislapp på godt ove 40 000,-. Det har lenge vært eit ynskje frå brukerane at vi skulle hatt 2 tredemøller då tredemølla er mykje brukt. Det som er planen er at den gamle tredemølla skal reparerast og det er allereie sendt nye deler frå Taiwan til dette. Ein god del med diverse vekter er også innkjøpt i løpet av fjoråret. Vi har også gjort det lettare for brukerane å bruka ventilasjonen då dei nå kan starta denne i sjølve styrkerommet. Det har også blitt montert eit nytt vidu slik at det nå er 2 vinduer. Det er planen at vi i år skal få inn eit tredje. Nytt er at Christine Freisinger har overtatt administreringa av styrkerommet etter Daniel Ciuciu som ikkje lenger har tid og anledning. Takk til Daniel som har brukt av tida si til dette. Som tidlegare så gir abbonement i Aerobic tilgang til styrkerommet. Dette er noko styret vil ta opp til vurdering om det er ei ordning som skal fortsetta eller det skal forandrast på. Det ser ut som brukerane av styrkerommet meir og meir tar ansvar for orden, noko som er til beste for både hallen og brukerane.

 

Storstova har i 2017 hatt ein nedgang i utleige til det vi kallar for sporadisk utleige. (Dei som les inntekter i 2016 og i 2017 kan få inntrykk av eit dramatisk fall i inntektene, men så dramatisk er det langt frå. Det er ført inntekter i 2016 på Storstova som skulle vært ført andre plasser) Kva nedgangen i sporadisk utleige skyldast er vanskelig å sei. Fastleiga av storstova er stabil. Det er fortsatt Pensjonistlaget og Den Romenska Kyrkja som er dei tyngste brukerane. Flott innsats frå leierane som held desse viktige aktivitetane igong. Det kan hende at vi frå hausten misser kontrakten vi har med Den Rumenska Kyrkja. Benjamin Ciuciu som er mykje av drivkrafta flyttar heim til Romania etter meir enn 15 år på Finnøy og det er uvisst om andre vil driva vidare. Også når det gjeld storstova som elles i hallen er det viktig å lytta til brukerane viss det er ting som ikkje fungerer eller ting som må investerast.

 

Kiosken i vestibylen nede vil før 17 mai ha fått ein oppgradering. Vi har begynt å riva ut den gamle innredningen for å erstatta den med nye under og overskap. Med dette håpar vi å få litt meir orden og at det blir meir brukarvennleg.

 

Utfordringane hallen står overfor i 2018 og vidare er ikkje så veldig forskjellig i forhold til tidlegare år. Det går på å fortsatt prøva å driva hallen mykje på dugnad, halda på leigetakerane vi har i dag og evt skaffa nye for å ha inntekter store nok til å halda våre forpliktelsar. Samtidig må vi ha nok midler til å ta årleg nødvendig vedlikehald og påkostnader Det er allereie nevnt i avsnittet om Storstova at vi frå sommaren kan mista Den Romenska Kyrkja som leigetakar. Det vil i så fall bli eit bortfall på 55 000,- i årleg leigeinntekter. Det kan bli ein utfordring å erstatta desse leigeinntektene. Ein annan ting som kan gi oss utfordringar i framtida er den konkurannsen eit evt nybygg på Leikvoll kan gi oss på utleige av spesielt Storstova og kjøkken. Det er i budsjettet til nybygg på Leikvoll tatt med inntekter på utleige av lokaler. Lokaler som kan samanliknas med det vi har i hallen.

 

I februar hadde vi dugnad inne i hallen så vel som ute. Innvendig blei heile hallen ”støva” ned. Etter 3 år så ligg der ganske mykje støv på konstruksjonar og ventilasjonsrøyrane. Dette har vi tatt kvart 3 dje år og nå stod det for tur. Utvendig hadde vi avtale med dei nye eigerane av Sveinsborgtomta at vi kunne fjerna grantrea som var nærmast hallen. 5 tre blei tatt ned denne dagen. Då var det nødvendig å stenga vegen for å få gjort dette på ein trygg måte. Det største treet var meir enn 25 meter høgt og i rota var det 120 cm i diameter. Godt å sleppa å tenka på at ein dag kunne det havna på taket til hallen. Stor takk til alle som var med inne og støva og vaska. Stor takk også til LHV som stilte med maskinar for å fjerna alt av greiner og trestammar når trea var lagt i bakken

 

Også i år kjem det 17 mai og hallen skal sjølvsagt stå klar til dette arrangementet. Vi i styret har også då dugnad for hallen. Då blir hallen vaska utvendig og det blir rydda utvendig. Roda Agri bidreg med å børsta opp grusen som ligg att på asfalten frå vinteren. Dei passar også på elles å børsta når det er behov.

 

Vaskegjengen som har ansvaret for vask av hallgolvet har mest bestått av dei same som begynte med dette for 15 år sidan då hallen blei innvia. Det er fantastisk innsats i så mange år. Då har vi stor forståelse for at nokre av desse ildsjelene nå vil takka for seg. Dei fortener det og styret vil gi dykk ein stor takk for innsatsen.

 

Heilt til slutt i årsmeldinga vil styret nytta høvet å takka alle som i løpet av 2017 gjorde ein dugnadsinnsats for Fleirbrukshallen. Utan dykk kunne vi ikkje drevet hallen slik vi gjer. Og dykk skal vita at dykkar innsats bidrar til å gi innbyggjerane i Finnøy eit svært viktig tilbod for born, unge og eldre. Takk!

 

Styret

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Fleirbrukshallen vart bygga av folk i Finnøy kommune og er til for folk i Finnøy kommune

OneWeb 2012 © Copyright