Innkalling til årsmøte i Finnøy Fleirbrukshall onsdag

5 april 2017 kl 20:00 i Storstova

 

Sakliste:

1.Godkjenning av innkalling og sakliste

2.Val av møteleiar og referent

3.Val av 2 til å skriva under på møteprotokoll

4.Godkjenning av styrets årsmelding

5.Godkjenning av rekneskap for 2016

6.Godkjenning av budsjett for 2017

7.Val

 

 

 

Styrets samensetning i 2016

Arild Flesjå leiar

Nestleiar Lars Reilstad

Sekretær Hege Mjølsnes Kleiberg

Styremedlem Bjørg W Nærland

Styremedlem Roar Asheim

Styremedlem Ludomir Korporalski

Styremedlem Arve Rørheim

Styremedlem Asbjørn Heimark

Vara Jorunnn Kindingstad

 

 

Styret har i 2016 hatt 9 møter og behandla 52 saker. Også i 2016 var det givande å vera leiar for et styre som alltid gjer jobben sin og som arbeider godt saman og utfyller og hjelper kvarandre på ein framifrå god måte. Det kan til tider vera krevande å vera i styret når ein veit at dei fleste av oss har familie og har andre samfunnsoppgaver som også tek av fritida til kvar enkelt. Som styremedlem i fleirbrukshallen driv vi dugnad i lokalsamfunnet for at barn, unge og eldre skal ha eit variert fritidstilbud som vi alle veit er svært viktig. Fleirbrukshallen har meir og meir blitt ein arena for alle, enten ein kjem frå kommunen eller er tilflyttar eller er kome til kommunen som flyktning frå krig og elendighet.Vi ynskjer å vera inkluderande Difor har vi gitt anledning til at også flyktningar skal få prøva seg med forskjellige aktivitetar utan at det i byrjinga skal kosta dei noko. Så får vi håpa at dei etter kvart finn seg til rette her og blir gitt mulighet til å vera i hallen på lik linje med alle andre.

 

Dersom ein ser på det mangfaldet og mengden av aktiviteter som blir drevet i hallen og viktigheten av dette, skulle ein kanskje tru at årsmøtet ville gjenspeila dette i form av at folk møtte opp og viste at dei var intresserte i å høyra korleis hallen blir drevet. Dessverre så er det ikkje slik. På årsmøtet i fjor var det 5 stk utenom styret som møtte. Dette er skremande lågt oppmøte. Som styreleiar lurer eg på om folk ikkje lenger bryr seg om korleis det går med hallen eller om folk flest trur at det går av seg sjøl. Då kan eg fortelja at det ikkje er slik at det går av seg sjølv. Styret og mange andre legg ned mykje arbeid for at hallen skal bestå og drivast slik den har blitt gjort sidan starten. Nemleg å gjer mykje dugnad for å holda kostnadane på eit nivå som gjer at vi kan betala våre forpliktelsar. Det er fortsatt slik at ein betydeleg del av inntektene går til nedbetaling av lån. Likevel er det gledeleg å sjå at gjenståande på lånet nå er knappe 2 mill. Når lånet er nedbetalt om ca 5 år vil det gi mulighet for ein annan driftsform av hallen, då det som i dag blir gjort som frivillig arbeid kanskje kan bli betalt arbeid slik som idrettslaget har gjort.

 

I haust blei det forandring i styret då Ludomir Korporalski flytta til Stavanger. Han hadde ansvaret for utleige og måtte erstattast umiddelbart. Sidan resten av styret ikkje hadde anledning å påta seg denne oppgåva, er det godt at folk ellers på øya er positivt innstilt til å ta eit tak for hallen. Beathe Kristin Strømskag sa seg villig til å overta fram til årsmøte. Flott Beathe Kristin at du tok på deg denne krevande oppgava. Det er ganske mykje arbeid og mykje å setja seg inn i når ein skal ha ansvaret for utleige. Mange takk til deg Ludomir for dei åra du var med oss i styret.

 

I 2016 hadde vi ingen konsert som vi pleier å ha for å skaffa ekstra inntekter. Vi prøvde forskjellige artistar og landa til slutt på Vassendgutane. På grunn av programmet deira kunne ikkje dei koma til Finnøy før i februar i år. Som dei fleste kjenner til blei dette et særs vellukka arrangement som vil bli omtala i årsmeldinga for 2017.

 

Budsjett for 2017 blir lagt fram på årsmøtet

 

Driftsresultatet for 2016 viser ein betydeleg nedgang i forhold til året før (sjå nederst på sida for heile reknskapet). Dette skyldes mindre arrangementinntekter som nevnt ovenfor og at vi ennå ikkje har klart å tatt inn alt av inntekter som Rygjabø vgs ga oss. Styret jobbar heile tida med å styrka inntekstgrunnlaget og å halda utgifts og investeringsida på eit fornuftig nivå. Fornuftig nivå betyr bl.a at ein ser på investeringar som igjen kan gi inntekter. Ikkje alt gir nødvendigvis resultater med ein gong, men på lang sikt. Då er det viktig å investera i utstyr av kvalitet som kan brukast i mange år. Dette gjeld bl.a utstyr til styrkerommet. Sjøl om driftsresultatet er mykje mindre enn året før har hallen ein sunn økonomi og vi styrer på ingen måte hallen i grøfta. Det vil alltid vera svingningar i driftsresultatet frå år til år. Dette vil driftsresultatet for 2017 visa til neste år. Vi styrka i fjor kapitalen då vi fekk betalt ut spelemidlene til klatreveggen. Det kom inn 77 000,- på konto og det aller meste av dette er øyremerka til investeringar i prosjekter. Det er kun tatt ut ein liten del av desse midlene til investering i klatreveggen.

 

Sponsorstøtta til hallen held seg på eit stabilt nivå. Nokre få har avslutta sponsorkontrakten mens nye har overtatt. Det er alltid fare for å ta ting for gitt og gløyma viktigheten av den støtta vi får bl.a gjennom fast årleg bidrag. Alle firma som har sitt reklameskilt betaler til sammen 150000 kroner i året og er med dette ein viktig bærebjelke for hallens inntekter. Vi håpar og trur at dei ser hallen som ein av dei viktigste samlingsplass for barn, unge og eldre slik som styret gjer. Difor vil vi fortsettja med sponsortreff for å visa vår takknemlighet til alle som på ein eller annan måte sponsar fleirbrukshallen.

 

Klatreveggen har til sommaren vore i bruk i 4 år. Veggen som blei byggd 100% på dugnad og som det i 2016 blei utbetalt 77 000,- i spelemidler, fekk før Tomatfestivalen ein «facelift». Stian og Vegar sette då opp ein del nye små utspring som gjer meir variasjonsmuligheter i klatringa. Som ved tidlegare Tomatfestivalar var det full aktivitet klatreveggen på laurdagen. Dette har blitt ein svært positiv aktivitet. Mellom 50 og 60 personar var med i konkurransen. Den yngste var bare 4-5 år gamal. Det fine med klatreveggen er at den er der og et ikkje noko mat, og kan stort sett brukast uavhengig av andre aktivitetar i hallen. Takk til alle som gjennom året har vore med å sikra dei som klatrar. Dersom fleire vil ta klatrekurs er det bare å ta kontakt med Stian eller Vegar.

 

Aerobic har blitt svært populært og mellom 30 og 40 damer deltar fast på dette. Godt leia av Dagny som instruktør får damene kjørt seg hardt på mandag og onsdagskveldane. Marie Terese som tidlegare var i styret i hallen administrerer aerobicen til aller beste for damene, Dagny og hallen. Dei aller fleste som er med har årskort. Årskort i Aerobic gir adgang til styrkerommet også. Som med alt anna så er det slik at sjøl om ting går godt må me som styre alltid vera lydhøyre for ynskje som kjem frå brukerane av hallens fasiliteter. Vi arbeider nå med å få på plass eit fastmontert lydanlegg i front av scenen. Dette for bl.a å gjer ting lettare for Aerobicen.

 

Det gamle styrkerommet er tatt i bruk av bl.a Marianne Zwering som driv med yoga og anna mental trening. Rommet har fått ei oppgradering med ny himling i taket og nye lys som ein kan dimma ned. Stor takk til Asbjørn Heimark som gjennom Stavanger Bygg sponsa det nye taket. Også mange takk til Lars i styret som sørga for å montera himling og lys. Flott!! Det er også montert lamellgardiner i alle vindaugene i rommet slik at det kan blendast for innsyn. Forutan Marianne så brukar kyrkja til romenerane dette rommet litt. Håpet er at rommet kan nyttast ennå meir, for det er det mulighet til.

 

Styrkerommet er fortsatt mykje i bruk. Rekneskapet viser ein nedgang i inntekter frå året før. Det er heile tida ein utfordring å halda på brukerane og å skaffa nye. Konkuransen frå andre er der og då er det for oss å gjer rommet attraktivt slik at flest mulig vil bruka hallen sitt tilbud. I 2016 er det investert ca 20000 i nytt utstyr og det vil i budsjettet for 2017 bli lagt inn meir pengar til å investera for. Sjøl om det blir investert så er det slik at ein ikkje nødvendigvis klare å nå alle sine ynskjer når det gjeld kva som blir kjypt inn av utstyr. Det er nå kome på plass trådlaust internett inne i sjølve styrkerommet. Dette fordi det blei ustabilt signal frå routeren som står inne på tribunen. Det er også kjøpt inn ein Chromecast som brukes til skjermen framfor tredemølla. Denne kjem nå verkeleg til sin rett med trådlast internett i same rom. Det er ikkje registrert at ting har forsvunne frå styrkerommet det siste året. Det blei montert overvåkningskamera for å motvirka at ting blei fjerna frå rommet. Det ser også ut til at folk er blitt flinkare med å rydda og halda orden, noko som er nødvendig for at rommet skal vera nokolunde presentabelt til ei kvar tid. Dette er likevel ikkje enkelt då rommet er åpent for brukerane 24 timar i døgnet. Som nevnt under Aroobic så gir medlemskapet der anledning til bruk i styrkerommet.

 

Storstova blir mykje brukt til forskjellige aktivitetar. Her er faste leigetakerar og sporadisk utleige. Pensjonistlaget har sine faste dagar i veka med bl.a eldredansen som har blitt så populær at storstova nesten er for liten. Kanskje må denne aktiviteten flyttast ned i hallen. Den rumenska kyrkja leiger fortsatt storstova 2- 3 gonger i veka. Dei har byggd seg sitt eige lagerrom i enden på tribunen for å greit lagra utstyr som dei brukar og eig sjølv.

Det er viktig at vi har gode rutinar for vedlikehald og reinhald også i storstova. Det har vore uheldige situasjonar der vi har hatt for dårleg kommunikasjon innad og som diverre har gått litt utover dei som leiger. Dette har vi forbetra rutinar på nå og vi håpar at det kan redusera problemer. Likevel er det viktig at dei som leiger gjer sitt til at rutinane fungerer. Vi har bytta ut noko av lydutstyret og gjort dette litt enklare for dei forskjellige brukerane.

 

Kva er hallens utfordring framover? Når ein driv hallen som vi gjer, for det aller meste på dugnad, så er og blir utfordringane å ikkje bruka unødvendig med pengar slik at behovet for dugnad aukar. Likevel må ein gjer investeringar både på drift og vedlikehald som generer inntekter og som får hallen til å framstå som fin og godt vedlikeholdt. Vår driftsmodell er nokså unik når vi ser rundt oss korleis hallar i andre kommunar blir drifta. Det kan vera fristane å sjå til Stavanger som vi visstnok skal bli ein del av om ikkje lenge. Stavanger kommune eig og driv 10 idrettshallar. Det er verd å merka seg at ved dei anlegga som Stavanger kommune eig og driv blir det ikkje tatt leiga av brukerane. Det styret skal bli flinkare til er å sjå på er muligheten for å søkja om penger til drift og utstyr. Det er ganske mange som deler ut penger til dette.

 

Snart er det vår og 17 mai. Før vi kjem så langt har styret i hallen gjort det som er nødvendig av vask utvendig, rydding o.a slik at hallen kan møta feststemte innbyggjerar til feiring av nasjonaldagen i fin og rein stand. Det er slik at gjennom haust og vinter gror det til med grønska på treverk og murar og dette tar vi kvart år. Vi har i løpet av vinteren tatt ned ganske mange grantre på nabotomta for å minska faren for at trea skal velta inn på hallen. Det står fortsatt nokon svære tre att som med fordel kunne vore fjerna. Vi vil snakka med nabo om dette kan la seg gjer Styret vil igjen nytta høvet å takka Roda Agri for å børsta opp grus og anna som har samla seg gjennom vinteren. Dei ser etter og tek slikt ved behov.

 

Styret vil til slutt takka alle som på ein eller anna måte har bidratt i 2016 til å halda hjula i gang. Med ditt bidrag, stort eller lite, er du med på å gi svært mange eit viktig tilbud i fleirbrukshallen. Takk også til Sissel som er fast reinhaldar i hallen

 

Styret i Finnøy fleirbrukshall

v/leiar Arild Flesjå

 

 

 

 

Styret i Finnøy Fleirbrukshall

Leiar Arild Flesjå

 

 

 

 

Fleirbrukshallen vart bygga av folk i Finnøy kommune og er til for folk i Finnøy kommune

OneWeb 2012 © Copyright