Innkalling til årsmøte i Finnøy Fleirbrukshall onsdag

13 april 2016 kl 20:00 i Storstova

 

Sakliste:

1.Godkjenning av innkalling og sakliste

2.Val av møteleiar og referent

3.Val av 2 til å skriva under på møteprotokoll

4.Godkjenning av styrets årsmelding

5.Godkjenning av rekneskap 2015

6.Godkjenning av budsjett for 2016

7.Val

 

Styrets sammensetning i 2015

Leiar Arild Flesjå

Nestleiar Arne Madland/Lars Reilstad

Sækretær Mary Falkeid Steinsland

Styremedlem Marie Terese Reilstad (kontaktansv økonomi)

Styremedlem Roar Asheim

Styremedlem Asbjørn Heimark

Styremedlem Inger Meland (Ansvar for utleige)

Styremedlem Ludeck

Vara Jorunn Kindingstad

 

 

Styret har i perioden hatt 9 styremøter og behandla 19 konkrete saker i tillegg til mange gjengangerar og småsaker Leiar har også i denne perioden hatt gleda av å ha hatt eit godt styre med seg. Samansettinga av styret har vore vellukka der kvar enkelt fyller si rolla på ein utmerka måte. Det er bl.a. det som gir leiaren inspirasjon til å vera med å driva hallen til beste for innbyggerane i kommunen.

I driftsåret 2015 har styret, foruten den daglege drifta, brukt ein del tid på å legga til rette for arrangementer i hallens regi og arrangementer ellers. Styret meiner vi med dette har klart å marknadsføra hallen på ein positiv måte som gir grunnlag for ennå meir bruk av hallen. I så måte kan nevnast fagdagen i samband med Tomatfestivalen der folk utanfrå kommunen deltok.

 

Også i 2015 prøvde vi oss på ein konsert med kjent artist. I november hadde vi besøk av Tønes. Dette for at hallen skal vera ein arena der folk flest skal ha anledning til å få høyra kjente artistar lokalt, samtidig som det skal gi overskot som bidrag til drift av hallen. Men det viser seg gang på gang at det blir marginalt kva overskot det blir av slike arrangement då det ikkje samlar nok folk. På Tøneskonserten var det ca 200 som kom for å høyra på.Takka vera sponsorar får vi likevel eit lite overskot. I desember leigde vi ut hallen til “Gråtasshow” Styret hadde her salg av div mat som ga oss litt inntekter takka vera at maten var sponsa av Coop og Kiwi.

 

Driftsresultatet for 2015 viser knapt 450.000.- med eit ordinert overskot på 345.000.-. Dette er 70.000 mindre enn året før som var eit rekordår for hallen. Årsaka til at det blei mindre i fjor skyldast mykje bortfallet av Rygjabø som leigetakar, noko som er redegjort for under.

 

I løpet av fjoråret mista vi to aktørar i hallen. Skyttarlaget hadde allerede flytta ut ved årsmøtet i fjor. 1 juli avslutta vi leigeavtalen med Rogaland Fylkeskommune. Dette var ein veldig god avtale for hallen som heilt sidan åpninga av hallen har hatt dei som trygge leigetakerar. Siste året var inntekta frå dei 208.000,-. Eit slikt bortfall av inntekter får vi ikkje erstatta over natta. Vi visste at Rygjabø var tapt då fylkespolitikerane vedtok at Rygjabø som lokalitet på Finnøy skulle flyttast til Strand. Det får ringverknad, ikkje berre for kommunen ellers, men for enkeltaktørar som Fleirbrukshallen får det konsekvenser når politikerane fattar sine meir og mindre uforstålege vedtak.

 

Med slikt stort bortfall av inntekter måtte styret forta seg noko. Som sagt så visste vi om at Rygjabø ville slutta av leigeforholdet til sommaren i fjor. Styret tok kontakt med kommunen og ba om møte for å sjå på muligheten for å få auka leigeinntektene frå kommunen. Ein positiv ordførar og rådmann la fram saka for kommunestyret som einstemmig vedtok å auka inntekta for hallen med 100.000,- pr. år. Dette med verknad frå 2 halvår i fjor då vi fekk inn 50.000,- ekstra. Styret er svært glade for den positiviteten politikerane viste hallen i denne situasjonen. Kommunen bidreg nå med 383.000,- i årlege inntekter for hallen. Ved å få til ny avtale med kommunen har vi allerede tatt inn mykje av det vi tapte ved bortfallet av Rygjabø vgs. Styret jobber heile tida med å få inntekter på andre måtar. Håpet er at vi i løpet av et par år igjen er oppe på inntekter som vi hadde i rekordåret 2014.

 

Sponsorane våre er vi fortsatt like avhengig av som før. Det er å håpa at, nedgangstider til tross, vil føla støtta frå dei like sterk som før. Ved årsskiftet viser det seg likevel at 3 stk av våre faste skiltsponsorar har takka nei til å bli med vidare. Men vi har fått erstatta ein av desse med nytt reklameskilt.

I februar hadde vi eit nytt sponsortreff i Storstova, 2 år etter det fysste sponsortreffet.Vi ynskjer å visa våre faste giverar kva dei bidreg med som fast årleg givar til drifta av Fleirbrukshallen. I 2015 blei hallen sponsa med 155.000.- Reklameskilta utgjorde 135.00 av dette. Styret vil igjen nytta høvet til å takka dykk alle for svært viktig støtta, som igjen bidreg til at vi fortsatt kan gi innbyggerane i Finnøy det tilbudet hallen gir.

 

Klatreveggen står der den står og et lite mat. Ikkje er den i vegen for nokon anna aktivitet og kan stort sett brukast saman med anna aktivitet som føregår på same tida. Stian Røst og Vegar Flesjå har i 2015 hatt kurs og uteksaminert nye 8 personar til Brattkort. På tomatfestivalen hadde dei gratisklatring og i alt 60 personar fekk prøva seg i veggen. Også romjulsklatringa var ein suksess der ca 50 personar var innom.

Spelemidlene til klatreveggen er ennå ikkje utbetalte. Fylkeskommunen ga i desember beskjed om at dei var klar til utbetaling, men kommunen har ennå ikkje fått dei utbetalt. Det er slik at fylket betaler ut til kommunen som gir dei vidare til hallen. Kommunen har purra på fylket og vi reknar med at pengane kjem rett over påske.

 

Takka vera kjempeflott dugnadsinnsats frå mange ungdommar og andre, tilsaman godt over 800 timar, får vi utbetalt 77.000,- i spelemidler. I tillegg til den store dugnadsinnsatsen, kjem sponsing, rabattar og anna bidrag, som gjer at mykje av spelemidlene blir rein netto.

Stor takk til Stian og Vegar som held kurs og er med på klatrearrangement. Også stor takk til Mattias Vignes og andre som er med og har oppsyn og gir folk tilgang til klatreveggen.

 

Styrkerommet blei i mars i fjor flytta opp på den tidlegare skytebanen. Dette var ein stor forbetring då det tidlegare styrkerommet var i minste laget. Nå har vi eit godt rom der brukerane trivest. Det er blitt innvestert litt i nytt utstyr og dersom innteressa for styrkerommet held seg, skal det investerast noko også i år. Det som bl.a skal gjerast er å settja inn 3 nye vinduer. Dette for å kunna få til ei betre utlufting av rommet.

 

Vi har brukt ganske mykje tid på å få eit betre system over alle kortinnehaverar og gyldighetstida på desse. Det har vore utfordrane, men vi føler at vi har nå fått kontrollen på dette. Det er montert overvåkingskamera i trimrommet. Dette var nødvendig då vi dessverre opplevde uønska hendelsar. Vi må stadig presisera at kjøpt abbonoment og utlevert adgangskort gjeld kun for kortinnehavar og ikkje for andre. Misbruk av dette kjem vi til å reagera på i framtida.

 

Inntektene på styrkerommet viser ein liten tilbakegang i forhold til rekordåret i 2014. Dette var forventa og hvis vi klarer å halda inntektene på fjorårets nivå, er dette godt

Styret vil takka Daniel Ciuciu for arbeidet hans med å administrera styrkerommet . Han bruker ganske mykje tid på dette.

 

Utleigen av hallen har auka noko i 2015 når ein ser bort frå bortfallet av Skyttarlaget og Rygjabø vgs. Styret arbeider fortsatt for å få ennå fleire til å bruka hallen for å ta inn tapte inntekter nevnt ovenfor. Sjå eller eige avsnitt om utleige

 

Utfordringar og vedlikehald i framtida. Utfordringen i framtida ligg i å halda leigeinntektene oppe og kostnadane på eit nivå som ikkje svekker drifta av hallen. Om ca 6 år er langsiktig gjeld på hallen kr 0.Då vil det gi eit mykje større spelerom for hallen mht påkostnadar og kanskje kan vi få ei anna driftsform med meir betalte tenester. Inntil det, må vi prøva å drifta hallen på same måten som vi gjer i dag. Med andre ord, mykje dugnad.

 

Hallen fremstår fortsatt som fin og godt vedlikeholdt. Dette fordi vi ikkje tillet at ting forfell utan at vi tar tak i det og at det fortsatt er lite hærverk på og i bygget. Styret har sin årlege vask og opprydding utandørs i april. Dette fordi vi ynskjer å møta publikum med fine forhold når årlege ting skjer i mai og utover. Her må vi nytta høvet å takka Roda Maskin for hjelpa dei gir kvart årmed å børsta opp all sanden som er strødd på i løpet av vinteren.

 

Det som snart må gjerast noko med er hallgolvet. Etter 13 års bruk må vi legga ein plan for rehabilitering av dette. Det har ein forholdsvis stor kostnad, men vi er allerede igong med arbeidet for å skaffa desse pengane. Golvet som blei lagt i 2003 er ikkje av same type som det som blir lagt i dag. Det er utvikling også på dette området. Dersom vi rehabiliterer golvet med dagens teknologi får vi et golv som gir betre demping, noko som kjem brukerane til gode. Og vi får tilskot i form av spelemidler, 1/3 av kostnaden til dette. Totalkostnad for ein rehab av hallgolvet er på godt 500.000,-

 

Dugnadsinnsatsen til drifta av hallen er fortsatt god. Det blir lagt ned mykje arbeid av mange enkeltpersonar samt av styret for å halda kostnadene nede. Ingenting kjem av seg sjølv og årsmeldingen skal gjenspeila dette på ein måte som får folk til å forstå kva som blir gjort av frivilligt arbeid for at hallen skal vera der som den muldreplassen av aktivitetar den er for folk flest. Utan alle desse flotte menneska som kvar og ein bidreg på sin viktige måte er det ikkje sikkert at vi hadde hatt det same tilbudet til innbyggerane i kommunen vår. Oppgaver som blir utført på dugnad er reinhald, reprasjonar, tilstelningar o.a. Det er viktig at vi som styre legg godt til rette slik at utstyr som brukes fungerer slik at dugnad ikkje blir ein irritasjon. Vi har hatt problem med gulvvaskaren, men den er nå i orden att. Ellers så har vi gjort det betre for dei som skumvaskar dusjane med å ha slange og hurtigkopling i kvar dusj. Styret vil retta ein stor takk til alle dykk som i 2015 bidrog med dugnadsinnsats, stor eller liten. Tusen takk!! Også takk til Sissel som er vår innleigde heinhaldar.

 

 

Reknskap 2015 Årsmelding utleige

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Styret i Finnøy Fleirbrukshall

Leiar Arild Flesjå

Fleirbrukshallen vart bygga av folk i Finnøy kommune og er til for folk i Finnøy kommune

OneWeb 2012 © Copyright