Innkalling til årsmøte i Finnøy Fleirbrukshall 2015

 

Onsdag 18 mars 2015 kl 1900 i Storstova

 

Sakliste:

 

1.Godkjenning av innkalling og sakliste

2.Val av møteleiar og referent

3.Val av 2 til å skriva under protokollen

4.Godkjenning av styrets årsmelding

5.Godkjenning av rekneskap for 2014

6.Godkjenning av budsjett for 2015

7.Val

 

Styrets samansetting 2014

Leiar Arild Flesjå

Nestleiar Arne Madland

Sekretær Birte Lauvsnes Hetland

Styremedlem Brenda Koldstadløkken (ansv økonomi)

Styremedlem Roar Asheim

Styremedlem Ludeck

Styremedlem Inger Auestad Havn

Styremedlem Inger Meland (ansvar for utleige)

Styremedlem Marie Terese Reilstad (ansvar for arobic)

 

Styret har i 2014 hatt 7 styremøter og behandla 60 saker. Utanom styremøter brukar styret mykje tid på å driva hallen året gjennom, noko alle i styret bidrar aktivt med. Som styreleiar er det godt å ha med seg kreative styremedlemmer som stiller opp når dette kreves. I 2014 har vi oppgradert kjøkken med nytt service til 100 personar. I mars arrangerte vi ”Åpen internasjonal dag” Dette for at alle frå dei nasjonane som bur og arbeider i kommunen skulle få ein sjanse til å visa noko av sine tradisjonar, sin kultur og sine mattradisjonar. Dette blei ein særs vellukka dag som samla ca 400 personar. Full honnør til alle som bidrog. Planen var at dette skulle me gjer kvart år, men me har landa på at anna kvart år gjentek me dette. Og me vil rett etter sommaren starta planlegginga til ny ”Åpen internasjonal dag” til våren neste år. Odd Nordstoga var på besøk i november. Synd at ikkje ennå fleire fekk med seg denne kvelden der Odd verkeleg leverte varene med mange av sine mest kjente viser, blanda med lun humor.

Driftsresultatet for 2014 viser godt 530.000.- i pluss med eit ordinert resultat på 414.000.- Det er over 200.000,- meir enn året før. Dette kjem ikkje gratis. Det er resultat av godt arbeid av mange gjennom heile året. Kreativitet i forhold til å skapa inntekter kombinert med nøktern bruk av penger har gitt oss eit godt resultat i 2014. Når inntektene frå Rygjabø vgs nå fell bort må vi sjå på andre muligheter. Vi må også sjå på utgiftssida om det er noko der å spara. Vi ser bl.a på om det kan vera økonomisk på lang sikt og gå over til gassfyring i staden for elektrisk som i dag. Det har sjølvsagt ein kostnad, men kanskje kan vi få tilskot til dette slik at det er ein fornuftig investering.

 

Resultat 2014 Balanse 2014

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Sponsorane våre er fortsatt ein av dei viktigaste støttespelerane me har. Me har dei faste skiltsponsorane inne i hallen, vestibylar og styrkerom som i 2014 skaffa oss 135 000.- i inntekter. Me har også mange andre som bidreg ved konsertar og liknande, slik at vi kan føla trygghet for at sjølv med liten oppslutning om arrangementer, likevel ikkje går i tap. Styret vil igjen takka alle dykk som bidreg med sponsing slik at hallen får nødvendige inntekter til å driva vidare. Til hausten vil me igjen ha ein samling av sponsorar i Storstova, slik me hadde i 2013.

 

Klatreveggen har nå vore i drift i 1 ½ år. Den er eit godt supplement til alle dei andre aktivitetane som foregår i hallen. Det fine med klatreveggen er at det kan for det aller meste foregå klatring sjølv om anna aktivitet foregår. Dette fordi me har dei nedsenkbare skilleveggene og dela opp hallen med. Stian Røst og Vegar Flesjå har arrangert 2 klatrekurs i fjoråret. Ein stor takk til dei for den innsatsen dei legg ned for å bygga opp eit klatremiljø i kommunen. Takk også til dei andre som bidreg med å sikra dei som ennå ikkje har vore på kurs og fått seg brattkort. Det nytt klatrekurs i vår/summar.

 

Styrkerommet har hatt ei gledeleg auke i aktivitet og antal som har kort. Pr. i dag er det ca 80 personar som har abb. Auken i inntekter har vore på 42.000,- noko som er veldig bra. Det gjer oss i stand til å investera i nytt utstyr, noko som er viktig skal vi halda på medlemmene. Og vi har nettopp investert i ny multi treningsmaskin. Mange takk til Daniel som reiste til Oslo og henta maskinen. Takk også til Fredrik som lot oss låna varebil. Det er fortsatt slik at dei som har abbonement kan bruka styrkerommet 24 timar i døgnet, noko som gjer denne aktiviteten svært fleksibel for dei fleste brukerane. Daniel Ciuciu har tatt over ansvaret for styrkerommet etter Oddvar Vignes. Vi vil nytta høve og takka Oddvar for lang og tro teneste som administrator av rommet. Silje Dybing som flittig brukar av styrkerommet, har oppsyn med orden og at utsyret fungerer slik det skal. I samband med at skyttarlaget flytta ut 1 mars blir styrkerommet flytta opp på skytebanen.

 

Skyttarlaget har vore fast leigetakar sidan hallen var ny. Nå har dei bestemt seg for å oppgradera sin eigen bane på Kvameheia og bl.a bygga ny innendørsbane der. Laget flytta ut 1 mars. Styret i hallen takkar for samarbeidet i hallen og ynskjer dei lykka til i byggeprosjektet deira.

Utleigen av hallen utanom det fasta har auka betydeleg. Den sporadiske utleiga har auka med 130.000,- noko som er svært gledeleg og viser at det fortsatt er eit potensiale. Det syner at me lykkast i vår argumentasjon at ved å setja ned prisen blir hallen mykje meir brukt og vi får mykje meir inntekter. Det gledelege er at sjølv om ein vi har hatt ein stor auke i sporadisk utleige, har ikkje dette resultert i større driftskostnader. Likevel er det ikkje til å unngå at ved meir bruk over tid vil det krevast meir kostnad til vedlikehald. Det er fortsatt viktig at nødvendig vedlikehald blir tatt etter kvart som det er nødvendig slik at standarden på hallen blir oppretthaldt. I fjoråret hadde vi store arrangement som bl.a kommunen arrangerte i form av grunnlovsferiringa. Vi hadde også mimrefest for utflytta Finnøybuar. Mange takk til dykk alle som var med og gjorde dette til ein fin kveld og ei god inntekt til hallen. Dette syner at det går an å arrangera det meste i fleirbrukshallen. Etter at 17 mai feiringa blei flytta til fleirbrukshallen, er det ingen som lenger fryktar kald nordvestvind og snøbyger i mai. Dei fleste seier det,»ka sko me gjort utan hallen»? Ingen tvil om at hallen er det største som har skjedd oss så langt i dette tusenåret når det gjeld å kunna driva aktivitetar av alle slag innendørs.

 

Årsmelding utleie, 2014

 

Utleieprisene i Fleirbrukshallen har vært de samme i 2014, som året før.

 

ROM/ DIVERSEPRIS

 

Hele hallen 500 kr/t når det er ledig

Hele Flerbrukshallen 850 pr/t.

1/3 del av hall 350pr/t.

Storstove 400pr/t.

Storstove m/ kjøkken pr kveld 2500 +vask

Vask 800,-

 

Det er svært sjelden at folk klager på prisene nå. Det virker som systemet med drop in, ungdommer som avtaler på kort varsel, er vellykket. Dette gjør imidlertid at det er vanskeligere å ha full oversikt over timeutleien siden de betaler i en konvolutt og pengene settes rett inn i banken. Disse timene legges ikke inn i regnearket der annen utleie føres.

Dette året har vi hatt en økning i utleie til nye landsmenn. Det er grupper som snakker seg sammen, ringer og avtaler. En gruppe Rumenere hadde 20 timer i hallen fram til desember 2014. De leide også storstova til samlinger i Jule og nyttårshelga, noe som er veldig positivt.

Polakkene har også benyttet stova til fest og spiller fotball i hallen nokså regelmessig! De fikk 10 timer i hallen som betaling for rundvask av storstova og halltak, veldig bra!

 

Vi har hatt 5 større arrangementer, som har gitt gode inntekter og gode tilbakemeldinger.

 

- Fagdag under tomatfestivalen

- Pubkveld med musikk, Hilde Johannesen, og dans

- Nasjonalt Grunnlovsjubileum, regi, Finnøy kommune, 9. september

- Gjenforeningsfest for utflytta Finnøybuer

- Konsert med Odd Nordstoga

 

Storstova har vår og høst vært leid ut til Yoga med Marianne Zweering på onsdager, i tillegg til at den brukes flittig av seniorene til trim, dans og kaffe etter en oppsatt plan.

Storstova har også vært utleid til en del møter for forskjellige lag og bedrifter, bursdager (5 betalende og noen ikke betalte av våre vaskere) samt ett bryllup.

I november var det konsert med Vidar Lønn Arnesen i regi av kommunen.

Det virker som om oppussinga av storstova har hatt god effekt og at folk oftere benytter den til møter og mindre arrangementer.På den faste utleien er det fortsatt Finnøy Idrettslag og Finnøy Sentralskule som har mest timer i løpet av året. En av våre største leietakere mht betaling, Rygjabø vgs / Rogaland fylkeskommune, er på vei ut og har nå bare fire timer fast på dagtid, samt to timer på kveldstid.

 

Finnøy Sentralskule: 26 timer pr.veke

Finnøy Idrettslag: 10 time pr. veke

Rygjabø Videregåande skule: 6 timer pr.veke

Åpen Hall: 3 timer anna kver veke

 

Inger Meland, utleieansvarlig fra aril 2014

 

Utfordringar framover. I årsmeldinga for 2013 stod det å lesa at det kan vera fare for at Rygjabø vgs blir nedlagt og om konsekvensen for hallen dersom det skulle skje. Nå er realiteten der. Rogaland Fylkeskommune har sagt opp leigeavtalen med hallen frå 30 juni d.å. Då får vi ein utfordring for å ta inn bortfallet av kr 208.000-. Me må me sjå på kva muligheter som ligg i anna utleige. Når vi flyttar styrkerommet blir det et ledig rom på 64 m2 og spørsmålet blir kva me kan nytta dette til som vil generera inntekter. Styret er allereie i gang med dette arbeidet.

 

Dugnadsinnsatsen for å driva hallen billigast muleg ser ut til å halda seg stabil ennå. Men me må forventa at tilliks med andre lag og org blir det vanskligare å halda oppe et høgt nivå med dugnadsinnsats. Mange av dei trufaste har vore med frå starten av og me må forventa at fleire av dei snart vil slutte av. Den påskjønnelsen styret ga til jul til den faste vaskegjengen, var ikkje for å gi dei dårleg samvittighet viss dei takkar av. Nei det var for å visa vår takknemlighet til alle desse trufaste medarbeiderane for den flotte jobben dei gjer år etter år for hallen. Tusen takk igjen! Ein stor takk også til alle dykk andre som bidreg til å halda hjula i gang for ein viktig sak for Finnøy kommune og innbyggjerane

 

Som styreleiar vil eg takka styret for eit godt samarbeid og for den flotte jobben dykk gjer. Til Brenda Kolstadløkken, Inger Auestad Hamn og Birte Lauvsnes vil eg nytta høvet og takka for godt samarbeid og for vel utført arbeid i styret og elles. At dykk trer ut av styret nå treng forhåpentligvis ikkje bety at dykk er ferdig med hallen, men at dykk tek ein velfortent pause.

 

For styret Arild Flesjå leiar

 

 

 

Fleirbrukshallen vart bygga av folk i Finnøy kommune og er til for folk i Finnøy kommune

OneWeb 2012 © Copyright