Årsmelding og innkalling 2014

 

Innkalling til årsmøte i Finnøy Fleirbrukshall

 

Dato: Måndag 31 mars kl 20.00 i Storstova

 

Saklista:

1.Godkjenning av innkalling og saklista

2.Val av møteleiar og referent

3.Val av to til å skriva under protokollen

4.Godkjenning av styrets årsmelding

5.Godkjenning av rekneskap for 2013

6.Budsjett for 2014

7.Vedtekstendring krevd av departementet

8.Innkommne forslag må vera styreleiar i hende innan 28 mars

9.Valg

 

Styrets samensettning i 2013 har vært Arild Flesjå leiar, Arne Madland nestleiar og kommunens representant, Birte Lauvsnes sekretær etter at Inger Meland gjekk ut i haust, Kristina Roda ansvarleg utleige, Brenda Talgø Kolstadløkken økonomi, Inger Auestad Havn styremedlem, Ole Andreas Sivertsen styremedlem, Kai Petter Flesjå styremedlem, Leif Jakob Flesjå vara

 

Styret har i driftsåret 2013 hatt 10 styremøter og behandla 67 saker. 2013 var jubileumsåret då det var 10 år sidan hallen blei åpna 15 mars 2003. Det var også året då vi blei ferdige med oppussing av Storstova. Gamle møbler blei erstatta av nye meir moderne sittegrupper og border. Det er kome opp ei ny videokanon i tillegg til den som var der frå før. Det er gjort noko med belysninga, men kanskje må det gjerast litt meir for å kunna nå ennå fleire målgrupper med utleige.

 

Sponsorane våre er fortsatt positivt instillte til å støtta hallen med årleg bidrag gjennom bl.a skiltreklame. Dette er vi veldig takknemlege for. Og for å visa sponsorane at vi faktisk er avhengige av dei og at vi set stor pris på dei, arrangerte vi i haust ein sponsorsamling i Storstova. Det kom ca 30 stk denne kvelden der vi fekk vist dei kva hallen er og kva muligheter det ligg i hallen, også for sponsorane våre. Vi vil arbeida vidare med å skaffa oss enda fleire sponsorar gjennom skiltreklame. Stor takk til alle som for 2013 bidrog med til saman kr 125 000,-

 

 

Styrkerommet er fortsatt mykje i bruk. Ved utgangen av 2013 så er det 45 stk som har abb. I driftsåret er det inntekter på styrkerommet på kr 86 000 -. Det er investert i nytt utstyr med bl.a ny tredemølla. Vi var så heldige at vi også i 2013 fekk bankrådsmidler frå SR bank til delfinansiering av tredemølla. Adgangskortet er personleg og her går det på tillit mellom eigar av kort og styret i hallen. Vi stoler på at eigar av kort ikkje gir kortet til andre. Rommet har fungert bra og det har som regel vore god orden på rommet.Det er viktig at styret får tilbakemeldingar frå brukerane av styrkerommet dersom det er noko dei vil ha endra på. Kvar og ein av dei er særs viktig for fleirbrukshallen og me prøver å ta godt vare på kvar og ein av dykk.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Driftsresultatet for 2013 er gjort opp med eit ordinert resultatoverskot på kr 211 500,- Dette er ca kr 80 000,- meir enn året før og skyldes i hovudsak overskotet frå Vamp konserten. At fjoråret blei gjort opp med eit godt resultat betyr at vi driv hallen forsvarleg i forhold til inntekter og utgifter. Men sjølv om vi driv godt er det ikkje rom for å setja av mykje av overskotet til framtidig påkostnad som vil komma etter kvart som hallen blir eldre. Det er viktig å fiksa ting som blir øydelagt etter kvart, slik at vi ikkje akkumulere eit stort behov for påkostnad. Kun då har vi kontrollen på kostnadane.

 

 

Hærverk har ikkje vært det store problemet for hallen, verken utvendig eller innvendig. Likevel så er det grunn til å ta det opp nå då det har vært ein negativ utvikling i i det siste. Det blir bl.a øydelagt ting i garderobane. Dette er heilt uakseptabelt og det må settast ein stoppar for dette. Her må vi gå saman, lederar, lærerar og andre som har ansvar i hallen, for å få bukt med dette. Det er alltid nokon som må bruka av fritida si for å ordna opp etter dei som øydelegg. Og ikkje minst så kostar dette penger for hallen.

 

Utfordringar står vi overfor framover. Å skaffa nok inntekter til å dekka utgiftene er noko styret jobbar med heile tida. Vi har pr i dag et lån på ca 3.1 mill som tar ca 200 000,- i renter og avdrag i året. Vi er avhengig av at leigeinntektene ikkje minkar framover. Sett i lys av at Rygjabø videregåande skule kanskje blir nedlagt, får vi ei stor utfordring med å ta inn så mykje leigeinntekter som då vil falla bort. Dersom dette blir ein realitet vil vi ganske snart få problemer med å betjena utgiftene. Det er slett ikkje ynskeleg å koma i den situasjonen at vi må be kommunen om eit årleg tilskot for å drifta hallen. Vi ynskjer sjølvsagt etter 11 års drift, fortsatt å stå på eigne bein, men dersom det blir slik at Rygjabø blir nedlagt, får vi store problemer.

 

Utleige

Styret i Fleirbrukshallen satte i fjor i august ned leigeprisane, og dei er fortsatt dei same. Me leiger nå ut til enkeltpersonar og lag utanom kommunen, noko som er positivt. Utanom fast utleige har me sidan i april 2013 t.o.m mars 2014 leigt ut totalt 215 timar, då er Åpen Hall rekna med her. Me har også leigt ut Fleirbrukshallen til større arrangement som Tomatfestivalen, der me ikkje har eksakt timeantal. Antal timar med utleige har gått kraftig opp i frå 82, 5 i fjor, noko som gir ein differanse på 132,5 time. Det er tydeleg at god markedsføring igjennom blant anna Øyposten og større arrangement, samt at me har redusert utleige prisane har ført til hyppigare utleige. På det som er fast utleige står fortsatt Finnøy Sentralskule og Rygjabø Vidergåande skule registrert med flest timar.

Finnøy Sentralskule: 21 timer pr.veke

Finnøy Idrettslag: 10,5 time pr. veke

Rygjabø Videregåande skule: 7 timer pr.veke@

Trimgruppen/herretrim: 3 timer pr. Veke

Åpen Hall: 2,5 time anna kver veke

Jafs fotballskule: 1,5 time pr.veke

 

Dugnadsinnsatsen for å driva hallen er fortsatt stor. Vi klarer fortsatt å holda på mykje av den same vaskegjengen som tar seg av hallgolvet. Det er flott! For å visa vår takknemlighet for denne dugnadsinnsatsen gjekk vi til anskaffelse av ny golvvaskemaskin. Dei som står på for hallen fortener utstyr som fungerer, noko styret heile tida må vera klar over. Til slutt vil styret takka alle som på ein eller annan måte har bidratt i 2013 til å holda hjula i gang i Finnøy Fleirbrukshall Mange takk for at dykk brukar av fritida dykkar for å oppretthalda eit svært viktig tilbod som hallen gir innbyggerane i kommunen.

Som styreleiar vil eg takka styret for god innsats og godt samarbeid. Kristina og Ole Andreas har gitt beskjed til valgkomiteen at dei vil tre ut av styret. Kristina har hatt ansvaret for utleiga, noko ho har lykkast godt med. Utleigen av hallen har i 2013 auka betrakteleg noko som synes i årsrapporten. Ole Andreas har bl.a hatt ansvar for vedlikehald, men pga av utdanning har han vært mykje forhindra frå å delta det siste året. Tusen takk til dykk begge for vel utført arbeid for Finnøy Fleirbrukshall og befolkninga.

 

Arild Flesjå styreleiar

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Fleirbrukshallen vart bygga av folk i Finnøy kommune og er til for folk i Finnøy kommune

OneWeb 2012 © Copyright